Loading…

Infiltrasjon i regnbed og val av verdi for metta hydraulisk konduktivitet ved dimensjonering

Aukande urbanisering og høgare nedbørintensitetar stiller større krav til overvasshandtering, og i byar og tettstadar vert det lagt meir og meir vekt på bruk av blågrøne, lokale overvassdisponeringstiltak. Regnbed er døme på eit slikt tiltak, som gjennom infiltrasjon fokuserer på tilbakehalding av o...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Author: Lunde, Elin Walaker
Format: Dissertation
Language:Norwegian
Online Access:Request full text
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:Aukande urbanisering og høgare nedbørintensitetar stiller større krav til overvasshandtering, og i byar og tettstadar vert det lagt meir og meir vekt på bruk av blågrøne, lokale overvassdisponeringstiltak. Regnbed er døme på eit slikt tiltak, som gjennom infiltrasjon fokuserer på tilbakehalding av overvatn, flaumtoppavlasting og betring av vasskvalitet. Ved dimensjonering nyttar ein ofte metta hydraulisk konduktivitet (Ksat) på 10 cm/t som eit estimat på infiltrasjonsevna til regnbeda, men det fins lite informasjon om korleis infiltrasjonsevna faktisk er i felt, kva variablar som påverkar denne og korleis den utviklar seg over tid og med plassering i regnbeda. Dette studiet samla inn informasjon om 34 regnbed og totalt 463 infiltrasjonsmålingar, i tillegg til å utføre 25 eigne infiltrasjonstestar ved hjelp av Modified Philip-Dunne Infiltrometer. Statistiske analysar blei nytta for å sjå om det fans ein samanheng mellom Ksat og stadsspesifikke, romlege og tidsavhengige variablar. Frå feltmålingane blei det i tillegg gjort ei skjønsmessig vurdering for å finne kva verdi som best representerer infiltrasjonskapasiteten i regnbed, og som kan nyttast ved dimensjonering. Det blei funne statistisk signifikant (α = 0,05) positiv samanheng mellom Ksat og driftsår og avstand frå innlaup i eit mindre tal regnbed, men dette var ikkje konsistent for alle regnbeda. Mellom regnbed blei det ikkje funne signifikant samanheng med Ksat og dei stadsspesifikke variablane fiberduk, skråstilt drenslag, dreneringsrøyr, maksimal vasstand og regnbedet sitt areal relativt til nedbørfeltet sitt areal. Samla median for Ksat for alle regnbeda var 19,7 cm/t, som tilseier at ein kan nytte høgare verdi enn sjablongverdi for Ksat ved dimensjonering. Høgare Ksat reduserer arealet til regnbedet, og frigjer verdifullt areal i byar og tettbygde område. I tillegg kostar mindre regnbed mindre pengar, noko som kan vere eit incentiv for val av regnbed framfor konvensjonelle tiltak.