Loading…

Organisasjonslæring og nedbemanning : korleis har ein nedbemanningsprosess påverka organisasjonens evne til å lære?

Problemområde: Denne oppgåva tar utgangspunkt i at alle organisasjonar lærer på ein eller annan måte, og i større eller mindre grad. Denne hypotesen legg fundamentet for problemstillinga, og for dei tre underspørsmåla som skal belyse problemstillinga. I denne oppgåva skal eg sjå nærmare på korleis e...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Author: Mek, Gard Severin
Format: Dissertation
Language:Norwegian
Online Access:Request full text
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:Problemområde: Denne oppgåva tar utgangspunkt i at alle organisasjonar lærer på ein eller annan måte, og i større eller mindre grad. Denne hypotesen legg fundamentet for problemstillinga, og for dei tre underspørsmåla som skal belyse problemstillinga. I denne oppgåva skal eg sjå nærmare på korleis ei nedbemanning påverkar ein organisasjon si evne til å lære. Oppgåva tar for seg tre klassiske teoriar på feltet, og drøftar dette opp mot empirien. Hovudfokuset til undersøkinga er å avdekke funn som ein ser i samanheng med teori. Nedbemanninga er konteksten og tidspunktet som undersøkinga er sett inn i. Metode og kjelder: Denne oppgåva er tufta på ei empirisk undersøking som vart gjennomført i entreprenørbedrifta Peab. Eg drøftar empiri og teori opp mot kvarandre, og ser nærmare på korleis mine funn frå granskinga passar til teorien. Eg har valt å nytte kvalitativ metode på oppgåva. Det er vidare valt å nytte eit semistrukturert intervju på innsamlinga av empirien. Undersøkinga som eg gjer kan vidare kallast for ei case-studie. Litteraturen som nyttast i oppgåva er henta frå pensumlista ved masteremne i pedagogikk ved PFI, tips frå rettleiar og søk på Internett/BIBSYS. Oppgåva er bygd opp rundt tre hovudteoriar. Forfattarane av desse er: Donald A Schøn og Chris Argyris, Peter Senge og til slutt Ikujiro Nonaka & Hirotaka Takeuchi. Argyris og Schøn blir nytta når eg drøftar om Peab har organisasjonslæring. Peter Senge blir naturligvis nytta når eg ser nærmare på om Peab beherskar dei fem disiplinane som Senge skildrar. Til slutt ser eg på om Peab skaper kunnskap slik som Nonaka og Takeuchi skildrar det i sin kunnskapsspiral. Eg har vidare nytta meg av utfyllande forfattarar og sekundær litteratur på området. Under metode-delen har eg valt å støtte meg på Kvale i stor grad. Dette gjenspeglar metode kapitelet i stor grad. Eg har også under dette feltet tatt med sekundærlitteratur for å belyse og grunngjeve dei metodiske vala som er gjort undervegs best mulig. I og med at oppgåva er ein case-studie har eg tatt med Yin som forfattar for å drøfte dette. Eg har også kort gjort greie for fenomenologien med støtte frå Husserl. Resultat og hovudkonklusjonar: Det overordna målet med denne oppgåva var å finne ut korleis ein nedbemanningsprosess har påverka organisasjonens evne til å lære. Nedbemannings situasjonen har vore konteksten eg sette undersøkinga inn i, og organisatorisk læring har vore fenomenet eg har søkt meir kunnskap om. Det kan framstå som ei svakheit ved op