Loading…
Bruk av reguleringsplan for forvaltning av landbruksareal – føremål og bruk : Ei brukarundersøking og case study områderegulering Sævarhagen – Hystad – Nedre Økland, Stord kommune, Hordalan
I Noreg er det, særleg i urbane strøk, press på arealressursane, og dyrka og dyrkbar mark står ofte i fare for å verte nedbygd. Dyrka areal er eit knappheitsgode, og berre 3 prosent av landarealet i Noreg er dyrka. Om lag 0,3 % (35 000 daa) av dyrka og 2,1 % (260 000 daa) av dyrkbar jord har vorte o...
Saved in:
Main Author: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Language: | Norwegian |
Online Access: | Request full text |
Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
Summary: | I Noreg er det, særleg i urbane strøk, press på arealressursane, og dyrka og dyrkbar mark står ofte i fare for å verte nedbygd. Dyrka areal er eit knappheitsgode, og berre 3 prosent av landarealet i Noreg er dyrka. Om lag 0,3 % (35 000 daa) av dyrka og 2,1 % (260 000 daa) av dyrkbar jord har vorte omdisponert til andre føremål i løpet av dei siste 40 åra. Det er eit nasjonalt mål å redusere tapet av dyrka jord.
Omdisponering av areal skjer gjennom arealforvaltning. Kommunane har ansvar for arealforvaltninga gjennom bl.a. plan- og bygningslova (PBL). Landbruksareal i ein arealplan får planføremål innan arealformålskategorien landbruk-, natur og friluftsområde (LNF) – som er eit av hovudføremåla som kan nyttast både i kommune- og reguleringsplan (PBL §§ 11-7 og 12-5). Ved revisjon av plandelen av plan- og bygningslova, som vart vedtatt i 2008, var LNF kategorien eit av fokusområda og nye planvertøy innanfor kategorien vart introdusert. Målet var å tilpasse regelverket til utviklinga i landbruket der moderne gardsdrift gjerne omfattar heilt andre tiltak enn det som var tilfelle ved sist revisjon av plan- og bygningslova. Den største endringa i høve til LNF i reguleringsplan er at det vart opna for bruk av nye underføremål. Denne oppgåva tar for seg lovgjevar sin intensjon med endringane i LNF kategorien, og korleis dei nye verktøya i lova vert nytta. Dette er undersøkt ved litteraturstudium og ved feltundersøkingar av planar i utvalde kommunar, og spørjing av fylkesmenn, andre statlege etatar, fylkeskommunar og landbruksorganisasjonar. Vidare er det gjennomført eit case study med utarbeiding av eit konkret planforslag med problemstillingar innan forvaltning av landbruksareal.
Fokus i oppgåva er bruk av LNF arealføremål i reguleringsplan, og i hovudsak landbruksdelen av det samansette LNF arealformålet. Den revidera planlov (sett i kraft i 2009) opnar for å dele inn landbruksareala i fleire underføremål (for eksempel jordbruk, skogbruk, naturvern, jordvern, friluftsområder, sæterområder osv.) enn det tidlegare var rom for, for å kunne skilje mellom ulike landbrukstiltak og markere særskilde verdiar. Forarbeida til lova seier derimot lite om korleis dei nye føremåla skal nyttast. Det er heller ikkje utarbeidd vegleiar for temaet så langt. Kor stor er då bruken av dette ny og for landbruket viktige planverktøyet – etter sju år?
På nasjonalt nivå vart alle Fylkesmenn og fylkeskommunar i Noreg spurt om kjennskap til bruk av LNF føremål i reguleringsplanar. Totalt |
---|