Loading…
Mellom psykisk helse og barnevern.: Ein studie av psykiske vanskar hos barn plasserte utanfor heimen; førekomst, variasjon og utvikling
Temaet for avhandlinga ligg i skjeringsfeltet mellom psykisk helse og barnevern, og dreiar seg om psykiske vanskar hos norske barn plasserte utanfor heimen av barnevernet. Det overordna siktemålet er å bidra til auka kunnskap om plasserte barns psykiske helse; herunder å utforska førekomst, variasjo...
Saved in:
Main Author: | |
---|---|
Format: | Dissertation |
Language: | Norwegian |
Online Access: | Request full text |
Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
Summary: | Temaet for avhandlinga ligg i skjeringsfeltet mellom psykisk helse og barnevern, og dreiar seg om psykiske vanskar hos norske barn plasserte utanfor heimen av barnevernet. Det overordna siktemålet er å bidra til auka kunnskap om plasserte barns psykiske helse; herunder å utforska førekomst, variasjon, og utvikling av psykiske vanskar. Som teoretisk utgangspunkt for avhandlinga er valt utviklingspsykopatologi og resiliensteori, som begge byggjer på ei transaksjonell forståing av menneskeleg utvikling og fungering. Gjennom tre delstudiar siktar avhandlinga mot å undersøkja tydinga av risiko- og beskyttande faktorar på ulike nivå; som kjenneteikn ved barnet, familie/nettverk, sosioøkonomiske forhold, omfang av stressande livshendingar og kontakten med barnevernet. Dei tre delstudiane kan sjåast både som sjølvstendige forskingsarbeid og som arbeid som byggjer på kvarandre. Dei to første delstudiane dreiar seg om førekomst og variasjon i barna sine psykiske vanskar kort tid etter at dei som 6-12 åringar blei plasserte utanfor heimen av barnevernet (n=109), medan den siste delstudien gjeld stabilitet og endring i barna sine psykiske vanskar frå plasseringstidspunktet og 7-8 år fram i tid (n=70), då barna var i alderen 13-20 år. Barna sine psykiske vanskar og prososiale åtferd har blitt kartlagt ved hjelp av eit standardisert kartleggingsinstrument (The Revised Rutter Scales). Informantar i delstudiane har vore barna sine saksbehandlarar i barneverntenesta, barna sine foreldre/omsorgspersonar og barna sine lærarar.
Hovudfunn frå den første delstudien (artikkel 1) var at minst 70 % av dei plasserte barna hadde symptom på psykiske vanskar, og gutar oftare enn jenter. Dersom plasseringa i hovudsak skjedde pga. problem knytt til foreldra, hadde barna lågare psykiske vanskar enn dersom plasseringa skuldast samhandlingsproblem mellom foreldre og barn. Desse funna vart følgde opp og utforska vidare i den andre delstudien (artikkel 2), der det blei stilt spørsmål ved om, og i tilfelle kvifor, barn som blei plasserte utanfor heimen pga. foreldres rusproblem hadde lågare psykiske vanskar enn barn plasserte av andre grunnar. Fleire gruppeskilnader vart funne mellom barn plasserte pga. foreldres rusproblem og barn plasserte av andre årsaker. Den viktigaste forklaringsvariabelen for skilnaden i psykiske vanskar var barna si prososiale åtferd, som var langt meir framståande hos barn plasserte pga. foreldres rusproblem enn hos dei andre barna. Det å bli plassert pga. eigne åtfe |
---|